Du er her: Hovudsida  >  FAGTEKSTAR  >  Sjangrar og sjangertrekk  >  Sjangerbrot og blandingssjangrar

Sjangerbrot og blandingssjangrar


 
Viss ein tekst ikkje passar inn i den sjangeren han høyrer til, kan det hende at han inneheld det vi kallar sjangerbrot. Viss detektiven i ei kriminalforteljing ikkje er i nærleiken av å oppklare brotsverket som har skjedd, vil det vere eit eksempel på sjangerbrot.

Forfattarar som blandar sjangertrekk frå ulike sjangrar, skaper tekstar som vanskeleg lèt seg plassere i éin bestemt sjanger. Viss vi likevel ønskjer å setje merkelappar på desse tekstane, kan vi seie at dei representerer ulike blandingssjangrar. Ein elevtekst om trivsel på skulen kan kanskje like gjerne kallast ein artikkel som eit diskusjonsinnlegg. På same måten kan grensa mellom ei forteljing og ei novelle nokre gonger vere uklar.
Media