Du er her: Hovudsida  >  FAGTEKSTAR  >  Diskusjonsinnlegg  >  Om diskusjonsinnlegg

Om diskusjonsinnlegg

 
Eit diskusjonsinnlegg er ein argumenterande tekst. Det vil seie at den som skriv innlegget, fremjar og forsvarer eit spesielt synspunkt. Forfattaren kan velje å sjå saka frå berre éi side og treng ikkje grunngi synspunkta sine fullt så godt som i ein artikkel.

Skriftlege diskusjonsinnlegg finn vi både i papiraviser, nettaviser, bloggar og på diskusjonssider på Internett. Stort sett er krava til innhald og form høgast i papiravisene. Der er plassen avgrensa, og ein debattredaktør vel ut kva for innlegg som skal komme på trykk.

I nettavisene er det færre krav til korleis diskusjonsinnlegg skal vere utforma. Innsendaren treng ikkje å tenkje på lengda av innlegget, for det vil alltid få plass på nettsida. Som regel treng innsendaren heller ikkje gjere like godt greie for kva saka går ut på, sidan innlegget ofte er direkte kopla til ei nyhendesak i nettavisa.

Hovudkjelde: Utdanningsdirektoratet si sjangerbeskriving ved eksamen i norsk våren 2009

Media


Klikk her for å lære meir om viktige omgrep.