Du er her: Hovudsida  >  FAGTEKSTAR  >  Diskusjonsinnlegg  >  Argumenttype

Argumenttype


Når vi skal beskrive korleis vi sjølv og andre argumenterer om ei sak, kan det vere nyttig å skilje mellom ulike argumenttypar:
  • Vi kan skilje mellom gode og dårlege argument. Klagar du på karakteren på ei prøve, kan det vere eit godt argument at du blei sjuk under prøva. Eit dårleg argument vil vere at du gjorde så godt du kunne.
  • Vi kan skilje mellom gyldige og ugyldige argument. I ei rettssak kan eit argument vere gyldig dersom det har støtte i lovteksten, og det vil vere ugyldig viss det manglar støtte i lovteksten.
  • Vi kan skilje mellom haldbare og uhaldbare argument. Haldbare argument byggjer på det vi kan få stadfesta ved å studere verda rundt oss. Uhaldbare argument byggjer på laus gjetting.

Vi kan også setje namn på ei rekkje ulike «argumentasjonsknep»:

Media
 
  • Ekspertargument
    Media
  • Faktaargument
    Media
  • Fleirtalsargument
    Media
  • Fornuftsargument
    Media
  • Parallellargument
    Media
  • Omtankeargument
    Media