Du er her: Hovudsida  >  FAGTEKSTAR  >  Diskusjonsinnlegg  >  Diskusjon

Diskusjon

 
Ein diskusjon er ei meiningsutveksling mellom to eller fleire personar om eit tema. Diskusjonar kan ha ulike føremål, for eksempel:
  • å finne moglege løysingar på eit problem
  • å planleggje eller vurdere ei framføring
  • å overtyde motparten eller tilhøyrarane om ei sak

Når du blir beden om å delta i ein diskusjon, er det viktig at du set deg godt inn i temaet. Du kan for eksempel skrive ned spørsmål på førehand, trene deg på å framføre dine eigne standpunkt eller tenkje deg inn i situasjonen til motparten.

Media


Fleire diskusjonstips
  • Vis tydeleg kva som er faktaopplysningar og kva som er synspunkt. Sei gjerne «eg meiner» når du fremjar påstandane dine.
  • Ver forsiktig med ord som «aldri», «alltid», «alle» og «ingen». Sei heller «ofte» og «som regel». Nesten alltid kan nokon komme opp med moteksempel som kan svekkje truverdet ditt.
  • Hald deg til hovudtemaet.
  • Samanfatt gjerne kva den førre talaren sa, slik at du er sikker på at du har forstått han eller ho riktig.
  • Vis respekt for motparten. Ha blikkontakt med dei du diskuterer med.
  • Unngå personangrep.
  • Gi honnør til motparten når det er naturleg. Innrøm at også motparten kan ha gode poeng.

Media