Du er her: Hovudsida  >  FAGTEKSTAR  >  Diskusjonsinnlegg  >  Eksempel

Eksempel

 
Eksemplet har stor makt. Finn du eit eksempel som taler direkte til tilhøyrarane sine hjarte og hjernar, kan du vinne mange viktige poeng. Viss temaet som de diskuterer er tungt og abstrakt, kan konkrete eksempel vekkje engasjement hos tilhøyrarane.

Dei gode eksempla har fleire kjenneteikn. Tilhøyrarane må forstå korleis eksempla heng saman med resten av argumentasjonen:
  • Dei gode eksempla er relevante. Dei må ha med saka å gjere.
  • Dei gode eksempla er forståelege. Hugs på at det som er opplagte samanhengar for deg, ikkje nødvendigvis er opplagt for alle som høyrer på.
  • Dei gode eksempla er interessante. Du kan bruke eksempel frå ditt eige eller andres liv. Mange tilhøyrarar vil spisse øyra enda meir viss du bruker eksempel frå liva til kronprinsesse Mette-Marit, skiløparen Petter Northug jr. eller president Barack Obama.

Media