Du er her: Hovudsida  >  FAGTEKSTAR  >  Diskusjonsinnlegg  >  Faktaopplysning

Faktaopplysning

 
Ei faktaopplysning er det same som ei kjensgjerning, altså ei opplysning om røyndomen. I diskusjonsinnlegg bruker vi ofte faktaopplysningar for å styrke våre eigne argument – eller for å svekkje motstandaren sine argument.

Her er eksempel på faktaopplysningar:
  • I Noreg er det 18-årsgrense for å kunne få førarkort.
  • Ulven blir rekna som eit av dei fire store rovdyra i Noreg.
  • Det Norske Samlaget gir ut mange bøker på nynorsk kvart år.

I nokre tilfelle kan det vere vanskeleg å skilje mellom kva som er påstandar og kva som er faktaopplysningar.

Media