Du er her: Hovudsida  >  FAGTEKSTAR  >  Diskusjonsinnlegg  >  Femavsnittsinnlegg

Femavsnittsinnlegg

 
Eit femavsnittsinnlegg er, som namnet tilseier, eit diskusjonsinnlegg med fem avsnitt. Formatet er velkjent i USA, der den skriftlege eksamensforma går ut på at elevane skal skrive eit «five paragraph essay». Dei fem avsnitta følgjer eit temmeleg fastspikra mønster:
  • 1. avsnitt: Innleiinga
  • 2. avsnitt: Hovuddelen – første argument
  • 3. avsnitt: Hovuddelen – andre argument
  • 4. avsnitt: Hovuddelen – tredje argument
  • 5. avsnitt: Avslutninga

Viss du skriv innlegg til papiraviser eller nettaviser, er det på ingen måte noko krav at innlegga skal innehalde nøyaktig fem avsnitt. Femavsnittsinnlegget er først og fremst ein skulesjanger med heilt bestemte formkrav.

Media