Du er her: Hovudsida  >  FAGTEKSTAR  >  Diskusjonsinnlegg  >  Føregriping

Føregriping

 
Føregriping er ein argumentasjonsteknikk som går ut på å føreseie kva argument og motargument som kan dukke opp i ein diskusjon. For eksempel kan det vere lurt å stille seg spørsmål som dette:
  • Kva for påstandar vil dei andre deltakarane fremje?
  • Korleis vil motstandarane dine mest sannsynleg angripe deg?
  • Er nokon av grunngivingane dine klart svakare enn dei andre?
  • Kva for eksempel og moteksempel må du rekne med vil bli brukt?

Viss du klarer å føreseie korleis motstandarane dine vil leggje opp diskusjonen, kan du setje inn mottiltak. Du kan kort og godt føregripe hendingane.

Media