Innleiing
I skriftlege diskusjonsinnlegg er det vanleg at det første avsnittet rommar ei innleiing som fører lesaren inn i temaet.
Det finst mange måtar å innleie eit diskusjonsinnlegg på. For eksempel kan du:
- beskrive ein situasjon som lesaren kjenner seg att i
- gi att historiske faktaopplysningar om temaet du skal skrive om
- bruke eit sitat som vekkjer sterke kjensler
- samanfatte eit tidlegare innlegg i den same diskusjonen
- lansere eit originalt synspunkt som gir lesaren lyst til å lese vidare
Hugs på at dei første orda i eit diskusjonsinnlegg er viktige viss du skal få lesaren med deg vidare. Bruk gjerne litt tid på å finpusse setningane i innleiinga slik at dei blir poengterte og presise.