Du er her: Hovudsida  >  FAGTEKSTAR  >  Diskusjonsinnlegg  >  Hovuddel

Hovuddel

 
Vi snakkar gjerne om at diskusjonsinnlegg har ei innleiing, ein hovuddel og ei avslutning. Hovuddelen er den delen der forfattaren for alvor forklarer og utdjupar argumenta sine.

Det er ingen faste reglar for kor mange argument eit diskusjonsinnlegg bør innehalde. Nokre gonger kan det vere lurt å nemne mange argument. Andre gonger kan det vere meir fornuftig å bruke mykje plass på eitt einaste argument. Hugs på at det ikkje berre er talet på argument som tel. Like viktig er det at du kan grunngi dei godt og vise til gode eksempel.

Når du planlegg hovuddelen, må du blant anna ta stilling til kva for rekkjefølgje du vil presentere argumenta i. Det finst mange løysingar. Kva for ei løysing som fungerer best, kan variere frå gong til gong:
  • Vil du starte med det svakaste eller det sterkaste argumentet?
  • Vil du først nemne argument som går imot di eiga oppfatning, slik at du kan starte med å plukke desse argumenta frå kvarandre?
  • Kan du la argumenta få ei naturleg rekkjefølgje? Er det slik at nokre argument fungerer som hovudargument, mens andre fungerer som underargument – og bør stå etterpå?

Når du planlegg eit diskusjonsinnlegg, kan du lage ein disposisjon som fortel kva for argument som skal komme når.

Media