Du er her: Hovudsida  >  FAGTEKSTAR  >  Diskusjonsinnlegg  >  Kjelder

Kjelder

 
Når du gir opp ei kjelde, fortel du kvar du har henta ei opplysning frå. Viss du for eksempel fortel at Dagbladet har omtalt ei ny form for kreftbehandling, er Dagbladet kjelda di for denne opplysninga.

Viss du skriv eit diskusjonsinnlegg, vil lesarane dine som regel stole meir på deg viss du kan fortelje kvar du har henta opplysningane dine frå. Påstår du at 40 prosent av alle nordmenn mellom ni og femten år les aviser kvar dag, kan tilhøyrarane tru at du har funne på tala sjølv. Viss du fortel at tala stammar frå den siste kultur- og mediestatistikken til Statistisk sentralbyrå, vil nesten alle tru på tala dine.

Her er nokre råd for korleis du kan bruke kjelder når du skal skrive diskusjonsinnlegg.
  • Bruk berre kjelder som du veit at du kan stole på.
  • Ver nøyaktig når du fortel kvar du har henta opplysningane dine. Skriv ikkje «avisa» viss du meiner Aftenposten. Skriv ikkje «ein politikar» viss du meiner Siv Jensen.
  • Nemn ikkje så mange kjelder at teksten din blir tung å lese.

Media