Du er her: Hovudsida  >  FAGTEKSTAR  >  Diskusjonsinnlegg  >  Ordstyrar

Ordstyrar


I formelle diskusjonar er det alltid ein ordstyrar. Han eller ho har eit stort ansvar for at diskusjonen skal gå føre seg på ein god måte. Vedkommande skal:
  • presentere hovudtemaet og deltakarane for publikum
  • sørgje for at alle deltakarane kjem til orde
  • sørgje for at deltakarane behandlar kvarandre med respekt
  • styre diskusjonen frå deltema til deltema gjennom spørsmåla sine

Gode ordstyrarar set seg grundig inn i temaet som skal diskuterast. Først når dei har inngåande kunnskapar om temaet, kan dei vere rimeleg sikre på å kunne stille dei spørsmåla som fører diskusjonen vidare. Ordstyraren vel ofte å veksle mellom opne og lukka spørsmål.

Media
 
Opne og lukka spørsmål
Opne spørsmål har mange moglege svar. Ordstyraren kan miste litt av kontrollen over diskusjonen ved å stille opne spørsmål, men kan samtidig oppnå at deltakarane får høve til å framføre sine beste argument. Her ser du eksempel på opne spørsmål:
  • Kva meiner de om denne påstanden?
  • Er det nokon som har noko å tilføye?
  • Kven har lyst til å seie noko om dette?

Lukka spørsmål er gjerne retta mot ein særskild person. Ordstyraren kan for eksempel velje å stille utdjupande spørsmål til ein diskusjonsdeltakar som nettopp har hatt ordet, eller prøve å trekkje inn deltakarar som ikkje har sloppe ordentleg til i diskusjonen. Dette er eksempel på lukka spørsmål:
  • Kva for eit av desse forslaga vil du aldri kunne støtte?
  • Kva for eit av argumenta til Jensen synest du er minst overtydande?
  • Frå din ståstad, kva for tiltak meiner du er det aller viktigaste å gjennomføre?
  • Når du høyrer Halvorsen seie dette, kva tenkjer du da?

Media