Opne og lukka spørsmål
Opne spørsmål har mange moglege svar. Ordstyraren kan miste litt av kontrollen over diskusjonen ved å stille opne spørsmål, men kan samtidig oppnå at deltakarane får høve til å framføre sine beste argument. Her ser du eksempel på opne spørsmål:
- Kva meiner de om denne påstanden?
- Er det nokon som har noko å tilføye?
- Kven har lyst til å seie noko om dette?
Lukka spørsmål er gjerne retta mot ein særskild person. Ordstyraren kan for eksempel velje å stille utdjupande spørsmål til ein diskusjonsdeltakar som nettopp har hatt ordet, eller prøve å trekkje inn deltakarar som ikkje har sloppe ordentleg til i diskusjonen. Dette er eksempel på lukka spørsmål:
- Kva for eit av desse forslaga vil du aldri kunne støtte?
- Kva for eit av argumenta til Jensen synest du er minst overtydande?
- Frå din ståstad, kva for tiltak meiner du er det aller viktigaste å gjennomføre?
- Når du høyrer Halvorsen seie dette, kva tenkjer du da?