Du er her: Hovudsida  >  FAGTEKSTAR  >  Diskusjonsinnlegg  >  Publiseringsstad

Publiseringsstad

 
Med publiseringsstad meiner vi kvar eit diskusjonsinnlegg blir framført eller kjem på trykk.

Publiseringsstaden påverkar korleis du skriv diskusjonsinnlegget. Viss du skriv det i eit diskusjonsforum på Internett, der du berre skriv for venner – eller berre for folk du ikkje kjenner, kan det hende at du vågar deg med litt frekk ordbruk og friske eksempel.

Viss du ønskjer å sende inn innlegget ditt til ei papiravis, må du tenkje på at ein redaktør skal godkjenne innlegget. Kanskje krev redaktøren at du skal skrive under med fullt namn, slik at både foreldre, naboar og lærarar kan sjå kva du har skrive. Da kan det hende at du må leggje om stilen og skrive meir «vaksent og ansvarleg».

Også når det gjeld munnlege diskusjonar kan vi snakke om ulike publiseringsstader. I eit debattprogram på fjernsyn kan du oppleve at deltakarane snakkar i munnen på kvarandre. I ein kommunestyredebatt, eller i Stortingets spørjetime for barn, gjeld langt strengare krav til ordbruk og talerekkjefølgje.

Media