Du er her: Hovudsida  >  FAGTEKSTAR  >  Diskusjonsinnlegg  >  Påstand

Påstand

 
Ein påstand handlar om røyndomen. Når ein påstand er blitt bevist, kan vi seie at han er blitt forvandla til ei faktaopplysning.

Viss ein tekst inneheld mange påstandar som forfattaren ikkje prøver eller klarer å bevise eller sannsynleggjere, kan vi litt nedsetjande seie at teksten inneheld mange lause påstandar.

I somme tilfelle kan det vere vanskeleg å skilje mellom kva som er påstandar og kva som er faktaopplysningar. Hugs på at «skikkeleg sterke påstandar» ikkje må forvekslast med faktaopplysningar. Eksempla nedanfor inneheld berre påstandar, ingen faktaopplysningar:
  • «Han kan ikkje gjere sånt! Det er megateit.»
  • «Det bør vere ulovleg å skyte elg. Det er utruleg dårleg gjort å skyte med gevær mot dyr som ikkje kan forsvare seg på same måte.»
  • «Noreg bør løyve 50 milliardar kroner til vern av regnskogen i Uganda. Viss vi ikkje løyver pengane, er vi det mest egoistiske folkeslaget på den nordlege halvkula.»

Media