Du er her: Hovudsida  >  FAGTEKSTAR  >  Diskusjonsinnlegg  >  Replikkteikn

Replikkteikn

 
Deltakarane i ein diskusjon kan vise ulike teikn til ordstyraren for å be om ordet. Det mest brukte er replikkteiknet, som du viser ved å halde peikefingeren og langfingeren opp i lufta i ei v-form. Replikkteiknet viser du når du ønskjer å kommentere det som blir sagt av ein annan talar. Når du så får ordet, er det viktig at du avgrensar deg til berre å kommentere det den andre talaren har sagt.

Viss du ønskjer å komme inn på eit heilt nytt undertema, eller eit heilt nytt argument, vil det som oftast vere riktig å vise teiknet for innlegg. Da skal du berre rekkje peikefingeren i vêret.

Som regel vil ordstyraren passe på at deltakarane får meir taletid for innlegg enn for replikk. Deltakarar som ber om replikk, men som eigentleg held eit innlegg, kan risikere at ordstyraren klubbar dei ned med beskjed om å teikne seg for innlegg, og at ordstyraren deretter gir ordet vidare til neste talar.

Media