Du er her: Hovudsida  >  FAGTEKSTAR  >  Diskusjonsinnlegg  >  Disposisjon A og B

Disposisjon A og B

 
Disposisjon A går ut på at vi sorterer alle argumenta våre og først presenterer alle argumenta som støttar hovudsynspunktet vårt. Etterpå presenterer vi alle motargumenta. Følgjer vi disposisjon A, blir planen vår slik:
  • Først ei innleiing der du presenterer hovudsynspunktet
  • Etterpå kjem hovuddelen, der du presenterer argumenta dine
    • Først i hovuddelen presenterer du dei tre viktigaste støtteargumenta som du har funne.
      • Bruk gjerne eitt avsnitt på støtteargument A,
      • eitt avsnitt på støtteargument B, og
      • eitt avsnitt på støtteargument C.
    • Sist i hovuddelen presenterer du dei tre viktigaste motargumenta som du har funne.
      • Bruk gjerne eitt avsnitt på motargument A,
      • eitt avsnitt på motargument B, og
      • eitt avsnitt på motargument C.
    • I avslutninga vurderer du kva for argument som bør vege mest.
Media


Disposisjon B går ut på at vi lagar eit diskusjonsinnlegg med fem avsnitt.
  • Det første avsnittet inneheld ei innleiing der vi presenterer hovudsynspunktet vårt.
  • Dei neste tre avsnitta utgjer hovuddelen. Her presenterer vi argument for og imot.
    • I det andre avsnittet nemner vi
      • eit støtteargument,
      • deretter eit motargument som høyrer saman med støtteargumentet.
    • I det tredje avsnittet nemner vi
      • eit nytt støtteargument,
      • deretter eit nytt motargument som høyrer saman med støtteargumentet.
    • I det fjerde avsnittet nemner vi
      • også eit støtteargument,
      • og enda eit motargument som høyrer saman med støtteargumentet.
  • I avslutninga, altså i det femte avsnittet, vurderer vi kva for argument som er dei viktigaste. For å understreke kva vi meiner kan vi avslutte det femte avsnittet med ei oppmoding til lesaren.
Media