Du er her: Hovudsida  >  FAGTEKSTAR  >  Kåseri  >  Om kåseri

Om kåseri

 
Eit kåseri er ein kort, underhaldande tekst som er meint for opplesing. På ein morosam og ofte sprudlande måte fortel kåsøren om tankane sine rundt eit tema. Ordet ”kåsere” betyr å småprate, og det er typisk for kåsørar at dei liker å leike med ord og uttrykksmåtar.

I prinsippet kan kåseriet handle om kva som helst. Som oftast er det knytt til dagsaktuelle tema eller forhold i kvardagen. Eit kåseri kan handle om alvorlege saker som finanskrise og atomvåpen, men like gjerne om sparegrisar eller tannkremtubar. Sjølv om kåseri er humoristiske, kan den alvorlege undertonen også vere til stades.

I Noreg er kåseriet ein velkjend sjanger ikkje minst på grunn av radioprogrammet Morgonkåseriet i NRK. Heilt sidan 1968 har NRK sendt eit kåseri på opptil fem minutt på morgonkvisten. Desse har i stor grad vore med på å byggje opp nordmenn sine forventningar til korleis eit kåseri skal vere. Viss du høyrer på mange kåseri, vil du oppdage at somme av dei nærmar seg meiningsytringar, mens andre liknar forteljingar. Det kan vere vanskeleg å trekkje klare grenser mellom kåseri og andre typar tekstar.

Hovudkjelde: Utdanningsdirektoratet sine sjangerbeskrivingar ved eksamen i norsk våren 2009

Media


Klikk her for å lære meir om viktige omgrep.