Du er her: Hovudsida  >  FAGTEKSTAR  >  Kåseri  >  Humor

Humor

 
Eit av dei viktigaste verkemidla i kåseriet er humor. Eit godt kåseri skal få lyttaren til å smile og småhumre. Men kva er eigentleg humor? Punkta nedanfor gir deg nokre idear om kva det kan vere:
  • Somme har det morosamt med ordspel. Når ein person seier at noko er «klossete gjort av Lego» eller at «Start har startvanskar», dreg personen nytte av at enkelte ord kan ha dobbel betydning.
  • Bokstavomstokkingar kan vere morosame, for eksempel når «trykkfeil» blir til «trykkleif».
  • Sjølvmotseiande uttrykk, såkalla paradoks, kan kalle på latteren. Eksempel på slike sjølvmotseiande uttrykk kan vere «ein hardtslåande prest», «dansk fjellsmør», «dødskoseleg» eller «dritlekker dame»
  • På norsk kan vi setje saman enkeltord til nye ord, og dei nye samansette orda kan ofte vere morosame. I eit kåseri kan du for eksempel prøve deg med ord som «tannbørsterevolusjon», «trompetbukse» eller «fordelsoverføring».
  • Medvetne samanblandingar av ord og uttrykk kan også få fram latteren, for eksempel utsegner av typen «grensa mellom graut og suppe er høgst flytande».

Kva som blir oppfatta som morosamt kan variere frå land til land, frå person til person og frå situasjon til situasjon. Kåseri inneheld som regel mykje godmodig humor. Direkte vondsinna humor passar ikkje inn i
denne sjangeren.

Media