Du er her: Hovudsida  >  FAGTEKSTAR  >  Kåseri  >  Ironi

Ironi

 
Når vi bruker ironi, seier vi det motsette av det vi meiner. Vi må passe på at det er mogleg for mottakaren å forstå kva vi eigentleg meiner. Vi kan for eksempel seie at Kjell Inge Røkke er ein av dei verkeleg fattige i Noreg. Det vi da eigentleg ønskjer å seie, er sjølvsagt det motsette, nemleg at han er ein av dei aller rikaste personane i landet. Føremålet med å vere ironisk kan vere at vi ønskjer å latterleggjere noko eller nokon, eller at vi rett og slett ønskjer å vere morosame. Viss ein elev kjem for seint til timen, kan læraren vere ironisk og be om unnskyldning for at dei andre elevane har sloppe inn i klasserommet.

Ironi kan likne på satire, men som regel kan vi skilje desse to verkemidla frå kvarandre. Ironi kan vere vanskeleg å forstå, og ofte må vi lese mellom linjene for å finne ut kva som eigentleg er meint. Satiren er meir direkte enn ironien. Føremålet med satire er å kritisere eller latterleggjere noko eller nokon.

Media