Du er her: Hovudsida  >  FAGTEKSTAR  >  Kåseri  >  Personleg tone

Personleg tone

 
Kåseri er gjerne skrivne i ein personleg tone. Kåsøren bruker helst eg-form og fortel ofte om eigne erfaringar og opplevingar. Vi ser verda frå kåsøren sin synsvinkel, noko som kan medføre uventa og morosame poeng.

På den same måten som kåsøren bruker eg-form om seg sjølv bruker vedkommande ofte du-form når han eller ho vender seg til publikum:
  • «Har du høyrt om den nye typen mobiltelefonar?»
  • «Du har sikkert opplevd det same som meg: Det er ikkje alltid moro å stå opp om morgonen.»
  • «Har du nokon gong tenkt på kva vi skal med så mange fridagar i mai?»

Media