Retoriske spørsmål
Som regel stiller vi spørsmål fordi vi ønskjer å få svar frå andre. Men det hender at vi stiller spørsmål der svaret gir seg av seg sjølv. Slike spørsmål kallar vi retoriske.
Her er eksempel på retoriske spørsmål:
- «Ville det ikkje vere lurt om vi redda verda før ho gjekk under?»
- «Kunne det blitt trivelegare her om vi fjerna søppelet frå golvet?»
- «Kan ein bruke ein datamaskin til noko anna enn å leggje kabal?»