Du er her: Hovudsida  >  FAGTEKSTAR  >  Kåseri  >  Raud tråd

Raud tråd

 
Eit kåseri har gjerne det vi kallar ein raud tråd, eit slags gjennomgangstema, frå byrjing til slutt. Når kåseriet blir framført munnleg, er det ikkje mogleg for publikum å gå tilbake i teksten for å få med seg samanhengane. Det er derfor viktig at kåsøren er tydeleg og får med seg lyttarane frå den eine tanken til den neste.

Det er ein kunst å skape gode, glidande overgangar i ein tekst. Skriv du eit kåseri om skrubbsår, kan du avslutte det eine avsnittet med å fortelje om eit fire centimeter langt skrubbsår du fekk sist sommar. Da kan neste avsnitt handle om eit fem centimeter langt skrubbsår som du fekk som sjuåring – eller kanskje om eit seks centimeter langt skrubbsår som du berre nesten fekk i førre veka.

Ofte bruker vi dei ulike betydningane orda kan ha for å skape overgangar i eit kåseri:
  • Kåsøren kan utnytte at eit ord både har ei grunnbetydning (denotasjon) og ei medbetydning (konnotasjon). Grunnbetydninga av ordet «fallskjerm» er «ein tøyskjerm som faldar seg ut som ein paraply». Medbetydninga til ordet er «ei pengeutbetaling til personar i leiarstillingar som av ein eller annan grunn må forlate jobben sin». Kåsøren kan bruke grunnbetydninga av ordet i det eine avsnittet og medbetydninga i det neste.
  • Kåsøren kan utnytte at eit ord vekkjer ulike tankar hos forskjellige menneske. For eksempel kan ein blyantstump få kåsøren til å tenkje på ei rettskrivingsprøve på mellomtrinnet – og ein bilreparasjon i Italia. Slike private medbetydningar kallar vi med eit fagord for assosiasjonar. Ved å binde to heilt ulike hendingar saman, for eksempel gjennom ein blyantstump, kan kåsøren lage overgangar som lyttarane oppfattar som naturlege.

Media