Underdriving
Underdriving er det motsette av overdriving. Når vi bruker underdriving, uttrykkjer vi oss svakare enn det ein kan forvente. Underdriving kan vere eit effektivt verkemiddel for å få fram synspunkt.
Her er eksempel på underdrivingar:
- «Berre eg får eit pent jakkemerke, så skal eg vere fornøgd med lønnsoppgjeret.»
- «Blei du lei deg da huset ditt brann ned og du mista absolutt alt? Ja, kanskje litt.»
- «Gjorde det vondt da bilen køyrde over deg? Det var omtrent som eit myggstikk.»