Du er her: Hovudsida  >  FAGTEKSTAR  >  Forteljing  >  Om forteljingar

Om forteljingar

 
Ei forteljing har innleiing, ein hovuddel med eit problem eller ei utfordring og ei avslutning som har samanheng med resten av teksten. Ei god forteljing er bygd opp mot ein spenningstopp på det ytre og/eller indre planet. Ei forteljing kan skrivast på mange forskjellige måtar. Ho kan for eksempel innehalde handlingsreferat, tankereferat, skildringar og replikkar.

Novella har store likskapar med forteljinga. Sjangeren opnar for eksperimentering med det knappe, det usagte og det overraskande. Handlinga i novella er meir konsentrert enn i forteljinga, og bruken av verkemiddel er ofte meir bevisst. Ei god novelle kan bli forstått på fleire måtar, og ho fortel noko meir enn berre det vi opplever gjennom den ytre handlinga.

Sjølv om det er forskjell på ei forteljing og ei novelle, er det så mange fellestrekk mellom dei to sjangrane at dei i Sjangerboksen er behandla under eitt.

Hovudkjelde: Utdanningsdirektoratet sine sjangerbeskrivingar ved eksamen i norsk våren 2009

Media


Klikk her for å lære meir om viktige omgrep.