Du er her: Hovudsida  >  FAGTEKSTAR  >  Forteljing  >  Avslutning

Avslutning

 
Dei aller fleste forteljingar og noveller har tydeleg innleiing, hovuddel og avslutning. Vanlegvis får vi vite i innleiinga kva konflikten dreier seg om (for eksempel ein nabokrangel). I hovuddelen får vi fleire detaljar om denne konflikten, og handlinga spissar seg til. Kva som skjer i avslutninga, er opp til forfattaren, men ofte blir konflikten løyst – på ein eller annan måte.

Hugs at det er mange måtar å avslutte ei forteljing på:
  • Forfattaren kan lage ein slutt som overraskar lesaren, for eksempel ved å avsløre kven som eigentleg er den skyldige.
  • Forfattaren kan lage ein open slutt der lesaren sjølv må tenkje seg til kva som skjer vidare med hovudpersonen. I slike avslutningar bør forfattaren tydeleg peike på minst to moglege utgangar på historia (for eksempel at hovudpersonen vrakar eller beheld kjærasten).
  • Forfattaren kan lage ei form for sirkelkomposisjon, slik at situasjonen i avslutninga liknar på situasjonen i innleiinga. For eksempel hender det at teikneseriefiguren Donald Duck er arbeidsledig både i starten og slutten av ei historie, sjølv om han har prøvd seg i eit yrke undervegs i forteljinga.
  • Forfattaren kan lage ei form for etterskrift, for eksempel ei kort skildring av livet til hovudpersonen fem år etter.

Media