Du er her: Hovudsida  >  FAGTEKSTAR  >  Forteljing  >  Bodskap

Bodskap

 
Når vi skriv forteljingar, gjer vi det ofte for å underhalde. Men vi kan også ha andre føremål med forteljinga. For eksempel kan vi ønskje å forklare lesarane kva vi meiner om eit problem. Kva slags bodskap vi ønskjer å sende ut, avheng blant anna av kven vi skriv for. I ei forteljing om forelsking kan bodskapen vere at tolmod lønner seg til slutt, men bodskapen kan like gjerne vere at ungdom bør gripe sjansen mens han er der.

Eit tankevekkjande sluttpoeng kan setje lesaren på sporet av bodskapen i historia. Også andre delar av forteljinga kan gi oss klare signal om kva som er bodskapen.
  • Bodskapen kan liggje gøymt i overskrifta. Viss forteljinga heiter «Frå spøk til alvor», kan bodskapen vere at uskyldig moro kan utvikle seg til død og ulykke.
  • Bodskapen kan hengje saman med hovudpersonen som du skaper. Viss du lèt hovudpersonen vere ei gravid tenåringsjente, er det godt mogleg at bodskapen ditt kan knytast til abort eller prevensjon.
  • Bodskapen kan hengje saman med den synsvinkelen du vel. Lèt du synsvinkelen liggje hos den gravide tenåringsjenta, er det sannsynleg at lesaren lettare vil forstå situasjonen ho har hamna i.

Media