Du er her: Hovudsida  >  FAGTEKSTAR  >  Forteljing  >  Dialog i forteljingar

Dialog i forteljingar

 
Når ein forfattar gir att ein samtale mellom to eller fleire personar i ei forteljing, kallar vi samtalen for ein dialog. Det er mange grunnar til å lage dialogar i ei forteljing:
  • Dialogar kan bryte opp forteljinga og gjere ho lettare å lese.
  • Dialogar kan gjere forteljinga og personane meir truverdige.
  • Lesaren kan få verdifull informasjon. Forfattaren kan antyde moglege problem og løysingar.
  • Dialogar kan presse handlinga framover.

Eit viktig poeng med dialogar er at lesaren kjem tettare inn på personane i forteljinga. Vi forstår betre korleis ein person er når vi får høyre korleis han eller ho ordlegg seg. Gode dialogar minner gjerne om naturlege samtalar. Når du skriv dialogar, bør du hugse på at menneske som snakkar saman
  • stiller kvarandre spørsmål og gir svar
  • avbryt kvarandre
  • bruker dialekt og slangord
  • uttrykkjer seg enklare enn dei gjer skriftleg

For mykje dialog kan bremse handlinga, så pass på at du ikkje lagar dialogane for lange. I staden for å bruke mange linjer på å vise at personane seier «hei!» til kvarandre, kan du skrive at personane helsa på kvarandre. Eller kanskje kan du hoppe rett på dialogen viss lesaren uansett skjønar kven som snakkar saman?

Media