Du er her: Hovudsida  >  FAGTEKSTAR  >  Forteljing  >  Disposisjon og komposisjon

Disposisjon og komposisjon

 
Grovt sett kan vi dele ei forteljing i tre delar:
  • innleiing
  • hovuddel
  • avslutning

Det normale er at innleiinga fortel oss noko om hovudpersonen og kva for utfordring han eller ho står overfor. I hovuddelen får vi høyre meir om kva utfordringa går ut på og kva for problem som dukkar opp. I avslutninga er det som regel slik at ei form for løysing dukkar opp, slik at forteljinga får ein lykkeleg (eller ulykkeleg) slutt.

Når vi skal setje saman ei forteljing, komponerer vi ein tekst – vi finn ut kva for hendingar vi vil fortelje om, og vi bestemmer oss for ei rekkjefølgje. Vi kan gjere det på fleire måtar:
  • Vi kan fortelje om hendingane i kronologisk rekkjefølgje. Da følgjer vi hendingane frå start til slutt og fortel om dei i den same rekkjefølgja som dei skjer.
  • Vi kan fortelje om hendingane i oppbroten kronologisk rekkjefølgje. Da fortel vi stort sett om hendingane i den rekkjefølgja dei skjer, men vi legg inn nokre tilbakeblikk. Sagt på ein annan måte kan historia vår gå ut på at vi vil beskrive eit skirenn som varer i ein halv time, men nokre avsnitt kan vere tilbakeblikk som viser kor hardt hovudpersonen har trena gjennom mange år.

Media