Du er her: Hovudsida  >  FAGTEKSTAR  >  Forteljing  >  Forteljemåtar

Forteljemåtar

 
I ei forteljing vekslar forfattaren gjerne mellom ulike forteljemåtar:
  • Handlingsreferatet viser oss kva som skjer.
  • Tankereferatet forklarer oss kva personane tenkjer og føler.
  • Replikkane fortel oss kva personane seier til kvarandre.
  • Skildringane (eller beskrivingane) gir oss opplysningar om utsjånad, lukter, lydar, smakar og kjensler. Ofte skil vi mellom miljøskildringar og personskildringar.

Det er ingen faste reglar for korleis forholdet mellom dei fire forteljemåtane skal vere. Handlingsreferatet er ekstra viktig i barne- og ungdomsbøker, for unge lesarar liker ofte at det «skjer noko» i bøkene. Men ein tekst kan fort bli kjedeleg om du berre held deg til éin av forteljemåtane. Det beste er å variere.

Media