Du er her: Hovudsida  >  FAGTEKSTAR  >  Forteljing  >  Frampeik

Frampeik

 
Eit frampeik er eit hint eller eit varsel til lesaren om kva som kan komme til å skje seinare i forteljinga. Slike frampeik er vanlege både i film og litteratur, og eit viktig føremål er å byggje opp spenninga. Forfattaren ønskjer kort og godt å gjere lesaren nysgjerrig på kva som vil skje vidare.

Frampeik i teksten kan vere både enkle og vanskelege å oppdage. Viss ein gut legg frå seg mobiltelefonen heime tidleg i forteljinga, kan dette vere eit frampeik om at mobiltelefonen kunne ha komme til nytte seinare i forteljinga. Ikkje fullt så opplagt kan ordet «solnedgang» i første linja vere eit varsel om at noko skal ta slutt, på same måte som dagen har teke slutt.

Her er fleire eksempel på korleis du kan bruke frampeik for å skape forventningar i ei forteljing:
  • Fortel du at hovudpersonen legg ein pistol i sekken sin, skaper du ei forventning om at pistolen vil bli brukt seinare i forteljinga.
  • Skriv du tidleg i forteljinga at ein plante visnar eller døyr, skaper du ei forventning om at også noko anna vil visne eller døy (for eksempel den sjuke hovudpersonen).
  • Fortel du at hovudpersonen drøymer at ho blir avslørt, skaper du ei forventning om at hovudpersonen ikkje lenger vil klare å halde på løyndommane sine.

Media