Innleiing
Den første delen av ei forteljing eller ei novelle kallar vi for innleiing. Her skal du prøve å fange merksemda til lesaren og gi han eller ho lyst til å lese vidare.
Når du skal skrive ei innleiing, kan du for eksempel starte med å presentere hovudpersonen og det problemet vedkommande står overfor. For å vere sikker på at du får med deg dei viktigaste opplysningane, kan du bruke spørjeorda kven, kva, kvar og når:
- Kven er hovudpersonen?
- Kva er det hovudpersonen ønskjer å oppnå?
- Kvar er hovudpersonen?
- Når finn handlinga stad?
Hugs på at det kan vere kjedeleg for lesaren å få servert altfor mange faktaopplysningar i byrjinga av ei forteljing. I staden kan forfattaren starte med å beskrive ein spennande situasjon, og spare på faktaopplysningane til seinare i forteljinga. Opningar der lesaren blir kasta rett inn i handlinga, blir med eit faguttrykk kalla for in medias res.