Du er her: Hovudsida  >  FAGTEKSTAR  >  Forteljing  >  Ulike måtar å innleie på

Ulike måtar å innleie på

 
Når du skriv innleiingar til forteljingar og noveller, kan du sjølvsagt gjere det på enda fleire måtar enn dei som er nemnde over. Her er fleire forslag til korleis du kan skrive ei innleiing:
  • Du kan opne med spørsmål til lesaren: «Har du nokon gong følt deg usikker når du går gjennom skogen? Har du av og til tenkt at du ikkje er aleine?»
  • Du kan opne med eit samandrag av det som har hendt tidlegare, for eksempel ved at hovudpersonen tenkjer høgt på kva som har skjedd dei siste dagane: «Kvifor står eg her i søkkvåte klede? Viss berre fru Halvorsen hadde gitt meg bilnøklane mine, så hadde ikkje (...)»
  • Du kan opne med slutten. Viss du i innleiinga til ei kriminalforteljing røper kven som er den skyldige, kan spenninga knyte seg til korleis forbrytaren prøver å skjule handlingane sine.

Media