Du er her: Hovudsida  >  FAGTEKSTAR  >  Forteljing  >  Konflikt

Konflikt

 
At nokon er i konflikt med kvarandre, betyr at dei står mot kvarandre. I ei kjærleikshistorie kan to gutar vere forelska i den same jenta. Dei kan komme i konflikt med kvarandre viss dei begge har lyst til å bli saman med ho.

I forteljingar er konfliktane ofte med på å drive handlinga framover. Eit vanleg mønster er at lesaren blir kjend med konflikten i innleiinga, og at konflikten blir utdjupa og trappa opp i hovuddelen. På eit tidspunkt kan konflikten tilspisse seg så mykje at det ikkje er nokon veg tilbake («point of no return»), og da er forteljinga i ferd med å nå høgdepunktet. I avslutninga får lesaren som regel servert løysinga på konflikten.

Vil du lese om forskjellen på indre og ytre konfliktar, kan du klikke her.

Media