Du er her: Hovudsida  >  FAGTEKSTAR  >  Forteljing  >  Indre og ytre konfliktar

Indre og ytre konfliktar

 
Vi kan skilje mellom indre konfliktar og ytre konfliktar:
  • Indre konfliktar dreier seg om kjenslene til personane som er med i forteljinga. For eksempel kan hovudpersonen vere i sterk tvil om kva for val han skal ta. Skal han vere fornuftig og droppe jenta som han er forelska i, eller skal han la seg styre av kjenslene og droppe andre forpliktingar?
  • Ytre konfliktar dreier seg om personar som kjempar mot noko utanfor seg sjølv, for eksempel naturen eller eit anna menneske. Ei politijakt på ein forbrytar er eit eksempel på ein ytre konflikt. Andre eksempel kan vere forholdet mellom far og son eller mellom elev og lærar.

Legg merke til at ein konflikt er noko anna enn ein konfrontasjon. Ein konflikt inneber at to personar har motstridande interesser. Ein konfrontasjon kan vere ein krangel mellom to personar som eigentleg er einige. For lesaren er det meir spennande å følgje kampen mellom to menneske som prøver å øydeleggje for kvarandre, enn å lese om to menneske som roper stygge ord til kvarandre.

Media