Novelle
Ordet novelle stammar frå italiensk og betyr «ei lita nyhende». Viss du skal skrive ei novelle, er det viktig at du avgrensar deg:
- Ei novelle har få personar.
- Novella går føre seg over eit kort tidsrom.
- Handlinga går føre seg på få stader – kanskje berre på éin stad.
Det knyter seg fleire og større forventningar til ei novelle enn til ei forteljing. Kjenneteikna nedanfor kan hjelpe deg til å forstå enda betre kva norsklærarar forventar av ei novelle:
- Kjernen i novella er ein konflikt som blir skjebnesvanger for hovudpersonen.
- Novella viser korleis ei hending kan velte eller forandre ein situasjon.
- Innleiinga er ofte in medias res. Det vil seie at novella begynner midt i handlinga.
- Novella har minst eitt vendepunkt der konflikten blir trappa opp.
- Sluttpoenget er ofte overraskande. Men slutten kan også vere open, slik at lesaren ikkje sikkert veit kva som skjer vidare.
- Novella opnar for det knappe og det usagte. Der forfattaren berre antydar noko, må lesaren sjølv leggje til meining for å forstå teksten.
- Ei god novelle kan fungere på fleire plan og seie oss noko meir enn det vi berre får greie på gjennom den ytre handlinga.