Miljøskildringar
Ei miljøskildring er ei beskriving av ein stad. Enkelt sagt kan vi skilje mellom to typar miljøskildringar:
- Vi kan skildre eit fysisk miljø, altså ein konkret stad, for eksempel eit kjøpesenter, ein snikkarverkstad eller ei jernbanevogn.
- Vi kan skildre eit psykisk miljø, for eksempel eit utrygt miljø, eit mobbemiljø eller eit svært religiøst miljø.
Gode miljøskildringar er viktige for å skape ei bestemt stemning i ein tekst. Valet av miljø heng nøye saman med den handlinga som forfattaren har pønska ut. Viss du sjølv vel å leggje handlinga til eit gammalt hus med øydelagde vindauge, legg du opp til ei skummel stemning i teksten. Har du bestemt deg for å beskrive eit mobbemiljø i eit klasserom, vil mykje av handlinga gi seg sjølv.