Du er her: Hovudsida  >  FAGTEKSTAR  >  Forteljing  >  Personskildringar

Personskildringar

 
Personskildringane er viktige. Gode personskildringar seier både noko om korleis ein person ser ut og korleis vedkommande er, dei fortel altså både om dei ytre og dei indre eigenskapane til personen:
  • Dei ytre eigenskapane knyt seg til for eksempel alder og kjønn, og om personen er pen/stygg, høg/låg eller tjukk/slank.
  • Dei indre eigenskapane knyt seg til opplysningar om veremåte, for eksempel om personen er ærleg/løgnaktig, omtenksam/vondskapsfull eller gjevmild/gjerrig.

Når vi lagar personskildringar, kan vi i hovudsak velje to framgangsmåtar. Vi kan skrive direkte korleis ein person er, eller vi kan vise korleis personen er indirekte. Her er nokre eksempel:
  • Vi kan skrive at ei jente er slem, eller vi kan vise det ved å fortelje om korleis ho kastar stein etter ein fastbunden hund.
  • Vi kan skrive at ein femåring er kjapp i hovudet, eller vi kan vise det ved å fortelje at femåringen på eiga hand ringjer politiet for å varsle frå om eit branntilløp.
  • Vi kan skrive at ein tenåringsgut er snill, eller vi kan vise det ved å fortelje at han stappar ein tusenlapp i ei innsamlingsbøsse.

Media