Du er her: Hovudsida  >  FAGTEKSTAR  >  Forteljing  >  Synsvinkel

Synsvinkel

 
Når vi fortel ei historie, vel vi å fortelje ho frå ein bestemt synsvinkel. Fortel vi om noko vi sjølv har opplevd, er det naturleg å bruke ordet «eg»: «Eg opna ketsjupflaska. Eg sette frå meg verktøykassa på golvet.» Slike forteljingar, som er skrivne i eg-form, kallar vi eg-forteljingar eller førstepersonforteljingar.

Forteljingar der forteljaren fortel om kva andre personar har gjort, kallar vi tredjepersonforteljingar: «Ho lasta opp bileta frå shoppingturen. Han sovna i sofaen.»

Fordelen med å skrive førstepersonforteljingar er at vi lett kan vise kva eg-personen tenkjer og føler. Dessutan verkar ei eg-forteljing sann og sjølvopplevd, slik at lesaren lett kan leve seg inn i historia. Ulempa kan vere at det er vanskeleg å beskrive kva dei andre personane i forteljinga tenkjer og føler. Dessutan kan det vere vanskeleg for ein eg-forteljar å beskrive hendingar der eg-personen ikkje er til stades.

I tredjepersonforteljingar kan vi lett bevege oss mellom ulike stader og personar. For eksempel kan vi i det eine avsnittet beskrive korleis forbrytaren opplever ei biljakt og i det neste beskrive korleis politiet oppfattar den same biljakta.

Når vi har ein tredjepersonforteljar, kan vi velje mellom indre og ytre synsvinkel. Å bruke indre synsvinkel inneber at forteljaren kan fortelje kva dei forskjellige personane tenkjer og føler. Ytre synsvinkel inneber at forteljaren berre kan sjå personane utanfrå – forteljaren kan beskrive korleis personane ser ut, kva dei gjer og kva dei seier, men ikkje tankane og kjenslene deira.

Synsvinkelen seier oss noko om kva for auge forteljaren ser handlinga gjennom. Lesaren bør hugse på at forteljaren alltid fortel éin versjon av forteljinga, og at ein forteljar med ein annan synsvinkel kunne ha fortalt historia på ein heilt annan måte. Sagt på ein annan måte: Det kan hende at ein førstepersonforteljar er upåliteleg og berre fortel halve sanninga!

Media