Du er her: Hovudsida  >  FAGTEKSTAR  >  Forteljing  >  Tema

Tema

 
Kva er temaet i ei forteljing eller ei novelle? For å svare på spørsmålet kan det vere lurt å skilje mellom handling og tema:

Handlinga kan gå ut på at ein skuleelev går aleine heim frå skulen, låser seg inn, lagar middag, set seg på soverommet, ser på fjernsyn og legg seg. Spør vi kva denne forteljinga eigentleg dreier seg om, spør vi samtidig om kva som er temaet i forteljinga. I forteljinga om guten som klarer seg sjølv kan temaet for eksempel vere sjølvstende eller einsemd.

Media