Du er her: Hovudsida  >  FAGTEKSTAR  >  Forteljing  >  Tilbakeblikk

Tilbakeblikk

 
Viss vi ikkje fortel kva som skjer vidare i ei historie, men i staden fortel om noko som har skjedd tidlegare, bruker vi ein teknikk som blir kalla tilbakeblikk. Denne teknikken er særleg kjend frå kriminalseriar, der etterforskarane prøver å nøste opp hendingar frå fortida.

I forteljingar og noveller kan tilbakeblikk kaste lys over det som skjer no. Viss hovudpersonen ser ein bil komme mot seg i stor fart, kan forteljaren hoppe til fortida og fortelje om ei liknande hending for mange år sidan. Eller kanskje vel forteljaren å avbryte forteljinga for å skildre eit mordtrugsmål som hovudpersonen nyleg har motteke. Forfattaren kan ha fleire føremål med å bruke tilbakeblikk i forteljinga si:
  • Tilbakeblikk kan gi oss fleire opplysningar om dei personane som er med i forteljinga. Når vi får vite meir om fortida til dei ulike personane, forstår vi betre korleis dei tenkjer og føler i notida.
  • Tilbakeblikk kan hjelpe oss til å forstå kva som vil skje vidare i forteljinga. Viss hovudpersonen sit i ein bil, og vi i eit tilbakeblikk får vite at nokon har plassert ei bombe i bilen, skjønar vi at hovudpersonen er i livsfare.

Media