Dramatekst
Skodespel og høyrespel blir framførde munnleg. Replikkane er som regel svært viktige for at publikum skal kunne forstå kva som går føre seg. Innhaldet i replikkane driv handlinga framover og kan fortelje oss mykje om eigenskapane til dei ulike rollefigurane.
I skodespelet kan scenetilvisingane vere viktige for å beskrive rollefigurar, miljø og situasjonar. I høyrespel finn vi som regel mykje informasjon om lydkulisser.
Hovudkjelde: Utdanningsdirektoratet sine sjangerbeskrivingar ved eksamen i norsk våren 2009