Du er her: Hovudsida  >  FAGTEKSTAR  >  Drama  >  Akt

Akt

 
Omtrent på den same måten som vi kan dele ein roman inn i kapittel, kan vi dele eit teaterstykke inn i akter. I gamle dagar var det gjerne slik at sceneteppet gikk igjen etter kvar akt, slik at scenearbeidarane kunne gjere om på kulissene til neste akt. Når publikum kom tilbake etter pausen for å sjå neste akt, kunne scenen vere heilt forandra.

Ein komedie er gjerne delt opp i to eller tre akter, mens ein tragedie ofte består av fire eller fem akter. Komedien startar med stor lykke. Deretter blir lykka truga, men i siste akt dukkar ei løysing opp, og lykka blir enda større enn før. Tragedien startar med død og sorg i første akt. Deretter oppstår kortvarig lykke, før alt endar enda verre enn det starta. I dei mest typiske tragediane ligg heltane døde igjen på scenen i siste akt.

Eit teaterstykke med fem akter kan vere delt opp etter denne modellen:
  • 1. akt: Presentasjon av handling og intrige
  • 2. akt: Utdjuping av konflikten
  • 3. akt: Handlinga strammar seg til. Spenninga aukar.
  • 4. akt: Opptrapping mot eit dramatisk høgdepunkt
  • 5. akt: Løysing på konflikten – avslutning

Media