Du er her: Hovudsida  >  FAGTEKSTAR  >  Drama  >  Dialog

Dialog

 
Ein dialog er det same som ein samtale mellom to eller fleire personar. I skodespel er dialogane svært viktige, for det er først og fremst gjennom dei at vi blir kjende med handlinga og dei ulike rollefigurane.

Når vi skal lage dialogar til eit skodespel, kan vi nytte fleire knep for å hjelpe publikum til å forstå mest mogleg:
  • Viss det er viktig at publikum skal få vite kva rollefigurane heiter, kan dei vere flinke til å bruke namn når dei snakkar til og om kvarandre (for eksempel «Nei, Ida, i dag vil eg ikkje besøke advokat Holmsen.»)
  • Viss det er om å gjere å trekkje fram hendingar frå fortida, kan rollefigurane snakke om noko som har hendt. La gjerne den eine personen spørje og den andre svare.
  • Viss vi ønskjer å skildre ein rollefigur så truverdig som mogleg, så må vi hugse på at snakkemåte og ordval kan seie oss mykje om eigenskapane til rollefiguren. Ein direktør på eit styremøte snakkar heilt annleis enn ein irritert tenåring gjer til foreldra sine!

Media