Du er her: Hovudsida  >  FAGTEKSTAR  >  Drama  >  Forteljar

Forteljar

 
Både teaterstykke, filmar og tv-seriar kan ha ein forteljar. Som regel kjem forteljaren mest til orde i starten og slutten av eit teaterstykke, men forteljaren kan også gripe inn med forklaringar og kommentarar undervegs.

I eit skodespel kan forteljaren vere synleg eller usynleg for publikum. Viss forteljaren er synleg, finst to openberre alternativ: Forteljaren kan stå utanfor skodespelet og fortelje kva som skjer, eller forteljaren kan vere ein av rollefigurane i skodespelet. I det siste tilfellet må forteljaren gjere det klart for publikum når han/ho går inn og ut av forteljarrolla.

Når de sjølv lagar teater, kan de planleggje å bruke forteljaren på fleire måtar:
  • La forteljaren introdusere dei ulike rollefigurane i stykket.
  • La forteljaren forklare publikum kva som er situasjonen i byrjinga av stykket. Kvar er vi? Kva for årstal er vi i? Kva er det som er i ferd med å skje?
  • La forteljaren forklare kva som har skjedd i mellomtida dersom handlinga brått hoppar ti eller tjue år fram i tid.

Media