Du er her: Hovudsida  >  FAGTEKSTAR  >  Drama  >  Instruktør

Instruktør

 
Instruktøren er den personen i ei teateroppsetjing som har hovudansvaret for å gjere manuskriptet om til ei framsyning. Instruktøren må tolke manuskriptet på sin måte og fortelje skodespelarane korleis dei ulike rollefigurane skal opptre.

Instruktøren har to hovudutfordringar:
  1. Skal instruktøren halde seg strengt til replikkane og scenetilvisingane i manuskriptet, eller skal han/ho lage sin eigen vri? Både manuskriptforfattaren og publikum kan forvente at instruktøren skal vere tru mot manuskriptet, mens instruktøren kan føle at framsyninga blir betre viss skodespelarane fjernar seg litt frå det, for eksempel ved å leggje handlinga til ei anna tid eller ein annan stad.
  2. Når skal instruktøren kommandere skodespelarane, og når skal han/ho la skodespelarane komme fram med sine eigne synspunkt og tolkingar? Viss instruktøren avgjer for mykje, kan skodespelarane gå lei. Og viss instruktøren avgjer for lite, kan framsyninga miste mål og retning. Med ein utydeleg instruktør er det ein viss fare for at enkelte skodespelarar tilranar seg for mykje makt og begynner å kommandere andre skodespelarar på ein måte som er uheldig.

karaoke id="307">