Du er her: Hovudsida  >  FAGTEKSTAR  >  Drama  >  Kulisse

Kulisse

 
Flyttbare dekorasjonar på ein teaterscene, for eksempel ei dør eller ein sofa, kallar vi kulisser. Ei teatergruppe som planlegg kva for kulisser som passar til teaterstykket, må tenkje på fleire forhold:
  • Kulissene bør hjelpe publikum med å forstå kvar handlinga går føre seg.
  • Kulissene bør vere enkle å flytte på og ta opp lite plass bak scenen.
  • Kulissene bør vere enkle å lage eller billige å få tak i.

Ikkje alle gjenstandar på ein scene er ein del av kulissene. Dei gjenstandane som rollefigurane sjølv ber med seg inn på scenen, for eksempel ein paraply eller ein koffert, blir kalla rekvisittar.
Media