Du er her: Hovudsida  >  FAGTEKSTAR  >  Drama  >  Monolog

Monolog

 
Ein monolog er det same som ein einetale – og dermed det motsette av ein samtale. Når ein rollefigur står aleine på scenen og snakkar til publikum, kallar vi denne framføringa for ein monolog.

Kor lenge kan ein monolog vare? Det finst skodespel som består av éin lang monolog som varer i meir enn éin klokketime. Men det er vanlegare at ein monolog er kortare. På skulen kan det hende at du får beskjed om å lage monologar som varer i to–tre minutt, for da vil alle elevane i ein klasse kunne rekkje å framføre ein monolog i løpet av ein skuletime.

Kva kjenneteiknar monologar, bortsett frå at dei har ei viss lengd? Ofte får publikum høyre korleis rollefiguren tenkjer. I løpet av monologen kan rollefiguren begynne å tenkje på ein ny måte, for eksempel ved å sjå samanhengar mellom ulike hendingar. Ikkje så reint sjeldan hender det at ein rollefigur skiftar kjensler eller forandrar veremåte i løpet av ein monolog.

Viss du blir beden om å framføre ein monolog for resten av klassen, gjeld det å lage (eller velje) ein monolog som passar akkurat for deg. Du må finne ut om monologen skal ha ein alvorleg eller ein morosam undertone, og du bør sannsynlegvis tenkje gjennom snakkemåten og kroppsspråket til rollefiguren din. Her er nokre ekstra råd på vegen:
  • Gjer rollefiguren så ekte og truverdig som mogleg. Lev deg inn i kjenslene til den rollefiguren som du framstiller. Snakk som eit ordentleg menneske og bruk dialekt og slangord viss det er naturleg.
  • Finn ut kven rollefiguren din snakkar til. Snakkar han/ho til mora si, ein kjæraste eller ein pengeinnkrevjar? Tenk deg at du snakkar til akkurat denne personen når du framfører.
  • Øv deg på å framføre monologen på fleire forskjellige måtar. På den måten kan du oppdage nye sider både ved rollefiguren og deg sjølv.

Media