Du er her: Hovudsida  >  FAGTEKSTAR  >  Drama  >  Redigert reprise

Redigert reprise

 
Redigert reprise er både ein arbeidsmåte og ein framføringsmåte. Poenget er at skodespelarane spelar eit teaterstykke eller eit utdrag to gonger. Den første gongen spelar skodespelarane stykket slik som dei har planlagt. Den andre gongen får tilskodarane lov til å bryte av kvar gong ein av dei har ein idé om kva som kan gjerast annleis.

Den av tilskodarane som ønskjer å forandre på framføringa, roper «frys». Da skal skodespelarane på scenen fryse rørslene og stoppe å seie fram replikkane sine. Den som har ropt, går opp på scenen og erstattar ein av skodespelarane eller diktar opp ein helt ny rollefigur. Deretter gir den nye skodespelaren klarsignal om at skodespelet skal halde fram.

Etter at ein ny skodespelar er kommen på scenen, kan handlinga ta heilt nye vegar, for den nye skodespelaren kan seie og gjere ting som er heilt i strid med kva dei andre skodespelarane har planlagt. Det betyr at skodespelarane må ta ting på sparket. Etterpå kan skodespelarar og publikum diskutere om den nye versjonen av skodespelet, den redigerte reprisen, var betre eller dårlegare enn originalen. Skodespelarane kan deretter plukke opp det som fungerte bra og bruke dette i neste framsyning.

Teaterframsyningar der publikum aktivt deltek i handlinga ved å komme med råd om korleis skodespelarane skal spele, minner mykje om teatersport. I teatersport konkurrerer ulike skodespelarlag mot kvarandre for å finne ut kven som best klarer å spele vidare etter å ha motteke råd frå publikum.

Media