Du er her: Hovudsida  >  FAGTEKSTAR  >  Drama  >  Rekvisitt

Rekvisitt

 
Ein rekvisitt er ein gjenstand som rollefiguren kan bruke på scenen, men denne gjenstanden er likevel ikkje større enn at rollefiguren kan bere han og leggje han frå seg. Eksempel på rekvisittar kan vere knivar, paraplyar og klappstolar.

I skulesamanheng kan det vere vanskeleg å finne fram alle dei rekvisittane som trengst for å gjennomføre eit skodespel så realistisk som mogleg. Derfor er det viktig å vurdere kva rekvisittar som faktisk er viktige for handlinga. Viss det viser seg vanskeleg å få tak i rekvisittar, kan ein bestemme seg for å framføre med «usynlege» rekvisittar. Eit slikt val inneber at skodespelarar og publikum må tenkje seg usynlege gjenstandar på scenen, for eksempel ein gitar.

Større gjenstandar som ikkje kan flyttast på av skodespelarane, for eksempel store møbel, blir rekna som ein del av kulissene. Små gjenstandar som skodespelarane har på seg, for eksempel parykk og briller, blir rekna som ein del av kostymet.

Media